8. desember 2008

BB Hamar 2008

Mange trøytte fjes dukka opp ved Ottahallen tidleg laurdag morgon for å bli med bussen til Hamar med avgang 6.15 (!) Det var Charlotte, Daniel, Othilie, Yussuf, Hans H V, Hans S, Knut, Jørund, Sophie, Kristian G, Anna, Lars, Andrine, Kristian E L og Tobias. Samt ivrige supportarar i alle aldrar. Torjus og Eivind hadde overnatta hos slektningar på Lillehammer, og hadde ein litt snillare start på dagen.

Bilder fra turneringen

Vi trudde kanskje det var trykkfeil da Haverstad meldte at dei hadde plass til over 70 passasjerar. Men DET var det ikkje. Så vi drog utover dalen i to etasjer.

På Vinstra Stasjon fekk vi følge av familiane Rudihagen og Bakken frå naboklubben Fron.

Vi ankom Ankerskogen litt før 9, og Lars, Anna, Charlotte, Andrine og Othilie kunne gjera seg klare. Dei fyrste kampane starta 9.30

Med 17 deltakerar hadde Pillarguri mange kampar i hop att. Spennande både for spelarar og supporterar.

Dei som har rede på slikt, coacha alt dei kunne. Vi andre tidde klokeleg stille, men støtta opp på vår måte med muntre tilrop og forsiktig applaus der vi meinte det passa inn.

Eg tek ikkje med resultat her. Det kan de nok finne på heimesida, om de vil. Alle gjorde ein god innsats og fekk mange poeng. Rekruttreffen i år var ei double-turnering, og det passa bra på ein slik dag da det sosiale står i sentrum. Nokre hadde framande makkerar. Spennande å bli kjent med nye folk også!

Etter kampane var det bading. Denne gongen kunne vi ikkje bruke stup- og skliedelen fordi det vart arrangert Nordisk Mesterskap i stup der. Det var skuffande, men det er likevel eit flott badeanlegg som vi set pris på etter langvarig bassengmangel heime.

Pizzanini skuffa derimot IKKJE. Som vanleg heilt kaos ved ankomst!! Og, som vanleg, etter ein liten time, var alle veldig mette og klare for 7-eleven!!

Ellers da? Kan gje nokre stikkord som eg føler kan oppsummere dagen. (Stryk det som ikkje passar, he-he.)

  • Det er triveleg å vera på tur i hop.
  • Det er ikkje berre lett å halde orden på innhaldet i ein stor bag, når det ikkje er i bagen lenger.
  • Blide og trivelege ungar. (og vaksne)
  • Spreke ungar! ( Og vaksne?)
  • Det er bra det er med folk som ikkje spelar badminton også.( Søsken, foreldre og slikt)
  • Pizzanini-pizza er topp!
  • 7-eleven sel mykje godt.
  • Litt vanskeleg å sitja roleg på bussen etter at ein har ete ca 1 kg med godteri og drukke 1/2 l brus.
  • Kjempeinnsats med rackert, i basseng og ved pizzafat.
  • Haverstad har fin buss og grei sjåfør, som vanleg.
  • Gudbrandsdsalen er lang. (for den som ikkje søv)
  • Triveleg at nokre frå Fron ville vera med i bussen vår.
  • Det var godt å kome heim att.
  • Vi gleder oss til neste Rekruttreff.
  • PILLARGURI ER EIN KJEMPEKLUBB!

Jan Teigen tok mange bilder. Så håper han får lagt ut desse på heimesida. (Bilder kommer etterhvert).

Takk til Hamar Badmintonklubb for eit vellykka arrangement.

Takk for turen til alle. Med ønske om ei god førjulstid!

Eva Høgberget